tirsdag 1. juli 2014

Fotball VM 2014

Ny terminologi i heimen, store rom på kantane,
utfor stanga, hent ei kald ei,
Progma nekta rom,
eg vil fram med to mann,
om dei fins

Eg vinn kampen om flest nederlag, nye kvar dag,
når du går rundt, ser vekk,
kjem seint heim, set på vm

Eg er ikkje på Tahiti, vi har samba og latinorytmer her, sei han
Orda traff forsvarssmuren

Kan hende sit du i armkroken hennar no,
vm og ei øl, eg dreg for gardinene,
skrur opp lyden,
raudt i glaset, ein kamp med nervar
Ein kamp med berre nervane