tirsdag 15. desember 2015

To lys i kveld

To lys i kveld, eit for meg, og eit for deg,
dei brenn til talget sig utover golvet,
da er vi eit vi to,
og ikkje på kvar vår sie av fjorden

Dei siste først

Ein dag skal dei siste kome først,
eg rekk ikkje den heller
Er sikkert for tørst,
og somnar på golvet

Hesjestaur

Eg syr bokstavane mine på hjartet ditt,
med tau, halm og hesjestaur,
kan hende det stikk og klør litt,
det er fordi du laug

Luke seks

Luke nummer seks hoppar eg over,
eg vaskar dynavar i flanell,
og legg blonder på bordet,
natta blir fin lell

Luke sju

I luke sju har eg lagt eit hjarte
med alle bokstava mine på
eg veit der klør, men så veit du
kor du har meg, sidan du
ikkje visste det før

Luke 12

Eg fyller luke tolv med vin,
tenkjer helgja blir fin før
eg sovnar på golvet
oppå genseren din

Adventing

Advent er ingenting mot
slik som eg har venta,
eg opna luke nummer 937
i dag, tomt, som vanleg

Julegåver

Eg pakkar inn gåvene dine, no
ber dei ut, legg dei under grana
Er det kaldt du vil ha det, så værsågo'

Julebakst

Krumkaker som smuldrar, håp som brest, det var stadig deg, mest

Brente bruer og mandlar

Hektisk førjulstid,
så smått forbanna,
eg brenner bruer og mandlar
i same panna
Eg ønsker meg ei Amarone
og ein flik av deg,
berre for å smake
det er ikkje alltid prisen
sei noko om kvaliteten