fredag 21. februar 2014

Ymse om kjærleik

Eg set eksane inn i eit excelark,
lagar formlar, summerar, og reformaterer,
får alltid samme svar
for mykje i kolonna over det som var

***

Ser du hjartet mitt her, om eg legg det i sporet?
I svingen ved grana, vi gjekk der ein gong
Såg livet rundt kvar sving, viste ingenting

***

Lukke er den du tenkjer med,
eg krev ikkje mykje,
Marlboro, vin og ein mann,
på ei trapp, ei februarnatt

søndag 9. februar 2014

Måneskin


Eg tenkjer betre når eg ligg her
sa eg, når du fann meg
på golvet med vin,
i ei rute av måneskin

Sjur


Kven er Petter og Cologna?
Eg heier på Sjur, han har tyngda
meistrar klassisk, skøyting
og meg i ein dubbeldans
#2ol

lørdag 8. februar 2014

SotsjøOL2015


Fem mil med kjærleikssorg og tap
stafett med bitterheit og hat
sorg og sakn som eiga frigrein
eg ropar høgt ditt navn
#SotsjøOL2015

tirsdag 28. januar 2014

Syforening


Den som har ei syforening
med tråar, saum og klede,
veit alt om livet, sorg og sakn
kvitsaum, stilkesting og veven

Arytmi


Eg må til legen, eg slit med
hjarteproblemer, høg puls og arytmi
kvar gong du fer forbi

Hæsjestaur


Eg skriv ikkje sart og netthendt
som du vil, om leitande hender, og kjærleik
Eg skriv med greip og hæsjestaur,
om sorg, og livet utan nærheit