lørdag 12. april 2014

Støtte

Eg lagar ei bøsse som skal redda liv
eg tek ein runde neste søndag,
"Støtt ei god sak, før ho blir nervevrak"

Sklei

Eg sklei litt utpå i intervjuet,
eg er gift, har to barn, og bor i rekkje
dei sjekkar det neppe

Flanell

Har dei gamle skjorter ein stad?
Av falma flanell, med tobakksrusk i lomma,
sagflis av bjørkeved
og ein eim av evig truskap

Oppsummering

Eg skriv ei lita oppsumering av kva du har sagt,
og det vi blei enige om,
meir nærheit, kviskring i øyret og begjær,
Du kan signere her

Kven vann

Heretter skal eg sjå på livet som ein mann
nøgd med å ha det, veit aldri kvar ein havnar,
eller kven som vann

Macho

Kryp under ei kald dyne i rosa flanell
til han som ikkje tenkjer macho, men på varmen
om det held i kveld

Tapa


Eg legg tapa inn i eit reknskapsprogram
legg inn kvart eit nei, dine svik
alle gongene du for
min eigenkapital, balansen blir ikkje lik