torsdag 1. mai 2014

Forsto

Eg forsto ikkje da, at du trudde du visste,
Eg veit det no, at du ingenting forsto

Vev

Ev vever stilt ein kveld, veit tankane kjem
eg sit med ryggen til, slår dei ihjel
med gulltråane

For fort

Han snurrar på whiskyglaset, ser bort
svarar han feil eller for fort,
blir kvelden kort

fredag 18. april 2014

Eg blir

Eg blir, om eg tør, tenker han
han veit ikkje at han må kviskre
ein drøym stilt i øyret,
puste i takt med havet,
og med dei som er gløymd

På plass

Da slit du i håret mitt, riv meg til deg
ondt, som det skal vere, når ein blir kasta
på plass

Likning

Ei likning går aldri opp
Eg, fjorden, leikande hender og ei kviskring i øyret
Han i storbyen, sushi, ein master, og framande barar

onsdag 16. april 2014

Kristin's tøveri: Om å gå nedover oppover...

Kristin's tøveri: Om å gå nedover oppover...: Tenk om alt var omvendt? Tenk om alt er andre veien, og ikke det vi ser? Tenk om du våkner seint om kvelden, det er dag for deg, men den er ...