torsdag 14. august 2014

Pst...

PST er etter meg, eg veit du sa
eg terroriserar deg, eg kviskra
berre stilt pst... i øyret ditt





******

tirsdag 1. juli 2014

Fotball VM 2014

Ny terminologi i heimen, store rom på kantane,
utfor stanga, hent ei kald ei,
Progma nekta rom,
eg vil fram med to mann,
om dei fins

Eg vinn kampen om flest nederlag, nye kvar dag,
når du går rundt, ser vekk,
kjem seint heim, set på vm

Eg er ikkje på Tahiti, vi har samba og latinorytmer her, sei han
Orda traff forsvarssmuren

Kan hende sit du i armkroken hennar no,
vm og ei øl, eg dreg for gardinene,
skrur opp lyden,
raudt i glaset, ein kamp med nervar
Ein kamp med berre nervane

torsdag 26. juni 2014

Ei bøtte..

Eg set ei bøtte oppå livet,
så veit eg kor eg har det
set raudvinsglaset oppå
Ville du noko?

Tahiti


Eg er ikkje på Tahiti, vi har samba og latinorytmer her
Orda traff forsvarssmuren

LG

Blanda kjensler er ei grøn grasmatte frå LG gjennom eit raudvinsglas frå Hadeland

Frå Hadeland

Kastar alle glasa frå Hadeland, set fram Cap Classique, kan hende du blir

mandag 23. juni 2014

VM14


Eg har mitt eige verdsmesterskap,
kva for vin, kva for ein mann,
kvar finn eg han,
kven vann..