Tøv
onsdag 28. januar 2015
Oppgåvene dine...
Her er oppgåvene dine,
stryke ei hand, eit kyss i nakken,
ein varm pust bak øyret mitt
i måneskin,
det er jobben din
tirsdag 19. august 2014
Sukker og sprit
Eg hiver hjartet ditt på eit Norgesglas,
sleng i sukker og sprit,
legg på strikk og lokk, nøgd no?
Det var du som ville det slik
******
Lukke..
Sitt ute og kjenner på kjensla
over lukke over å kunne sitte
ute å vere lukkeleg
******
Kristin's tøveri: Ripsgelehelvetet....
Kristin's tøveri: Ripsgelehelvetet....
: Jeg skulle ikke lage ripsgele i år. Jeg har ikke tid, det blir så lite ut av det, og det blir bare søl. Så ser man ripsbærbusker overa...
torsdag 14. august 2014
Ein draum
Eg legg meg tidleg i rosa flanell,
tinga ein draum
Håpar den er ledig, og
at manuset held i kveld
******
Leiing..
Finn ei bok om leiing
halde saman mot eit mål
Ingenting her om varme hender
fingrar som flettast saman fordi dei må
og at den eine må gå
******
Rosa flanell
Har grene i heile dag, han dreg
himla med augene, eg nervevrak?
Slå av tv'n og vm, legg deg i rosa seng,
i flanell, han var svakast lell
******
Nyere innlegg
Eldre innlegg
Startsiden
Abonner på:
Innlegg (Atom)