tirsdag 15. desember 2015

Julebakst

Krumkaker som smuldrar, håp som brest, det var stadig deg, mest

Brente bruer og mandlar

Hektisk førjulstid,
så smått forbanna,
eg brenner bruer og mandlar
i same panna
Eg ønsker meg ei Amarone
og ein flik av deg,
berre for å smake
det er ikkje alltid prisen
sei noko om kvaliteten

søndag 19. juli 2015

Sitronfromasj..

Når du går får eg ein smak i munnen
av sitronfromasj, søtt, blaut og godt,
mest rått, surast når du slengjer att døra
for godt

Som ein mann

Eg skal leve som ein mann,
ikkje telje tapa,
berre sjå fram,
Ikkje snu meg når bruene brenn,
ikkje undrast kvar eg hamner,
eller med kven

onsdag 28. januar 2015

Oppgåvene dine...


Her er oppgåvene dine, 
stryke ei hand, eit kyss i nakken, 
ein varm pust bak øyret mitt
i måneskin, 
det er jobben din



tirsdag 19. august 2014

Sukker og sprit


Eg hiver hjartet ditt på eit Norgesglas,
sleng i sukker og sprit,
legg på strikk og lokk, nøgd no?
Det var du som ville det slik


******