tirsdag 15. desember 2015

Luke 12

Eg fyller luke tolv med vin,
tenkjer helgja blir fin før
eg sovnar på golvet
oppå genseren din

Adventing

Advent er ingenting mot
slik som eg har venta,
eg opna luke nummer 937
i dag, tomt, som vanleg

Julegåver

Eg pakkar inn gåvene dine, no
ber dei ut, legg dei under grana
Er det kaldt du vil ha det, så værsågo'

Julebakst

Krumkaker som smuldrar, håp som brest, det var stadig deg, mest

Brente bruer og mandlar

Hektisk førjulstid,
så smått forbanna,
eg brenner bruer og mandlar
i same panna
Eg ønsker meg ei Amarone
og ein flik av deg,
berre for å smake
det er ikkje alltid prisen
sei noko om kvaliteten

søndag 19. juli 2015

Sitronfromasj..

Når du går får eg ein smak i munnen
av sitronfromasj, søtt, blaut og godt,
mest rått, surast når du slengjer att døra
for godt