søndag 19. juli 2015

Sitronfromasj..

Når du går får eg ein smak i munnen
av sitronfromasj, søtt, blaut og godt,
mest rått, surast når du slengjer att døra
for godt

Som ein mann

Eg skal leve som ein mann,
ikkje telje tapa,
berre sjå fram,
Ikkje snu meg når bruene brenn,
ikkje undrast kvar eg hamner,
eller med kven

onsdag 28. januar 2015

Oppgåvene dine...


Her er oppgåvene dine, 
stryke ei hand, eit kyss i nakken, 
ein varm pust bak øyret mitt
i måneskin, 
det er jobben din



tirsdag 19. august 2014

Sukker og sprit


Eg hiver hjartet ditt på eit Norgesglas,
sleng i sukker og sprit,
legg på strikk og lokk, nøgd no?
Det var du som ville det slik


******

Lukke..

Sitt ute og kjenner på kjensla
over lukke over å kunne sitte
ute å vere lukkeleg




******

Kristin's tøveri: Ripsgelehelvetet....

Kristin's tøveri: Ripsgelehelvetet....: Jeg skulle ikke lage ripsgele i år. Jeg har ikke tid, det blir så lite ut av det, og det blir bare søl.  Så ser man ripsbærbusker overa...

torsdag 14. august 2014

Ein draum

Eg legg meg tidleg i rosa flanell,
tinga ein draum
Håpar den er ledig, og
at manuset held i kveld





******